Historien om Hardangergutane AS

Omkransa av bratte fjell og ein storslagen natur, ligg garden til Hardangergutane. Brørne Kristian og Karl Magnus produserar her ekta eplemost og sider frå kvalitetseple. Me kan stolte seia at heile produksjonen, med råvarer frå dei lokale gardane til ferdig produkt, skjer i Hardanger

Familiegarden til Hardangergutane ligg på austsida av Sørfjorden på Sekse midt i eit av landets største og eldste fruktdistrikt. Her på garden har me vidareført ein gamal tradisjon med å laga eplemost frå kvalitetseple som er mogna på Hardangervis.

Me er begge oppvaksne på garden og har fokus på tradisjon, handverk og historie. Fleire eple og fruktsortar vert nytta i produksjonen. Noko av epla kjem frå vår eigen produksjon, resterande kjem frå kunnskapsrike og dyktige fruktdyrkarar i området.

Alle epla har sin særeigne smak –­ frå det søte, til det meir syrlege og friske. Dette er eit resultat av klimaet og det grøderike jordsmonnet i området. Eplemosten vert produsert i reine eplesortar for å bevara særpreget til dei ulike sortane.

Hardangergutane AS som selskap, vart etablert i 2015. Lenge før dette starta me å laga eplemost frå eigne råvarer, til familie, venner og bekjente. Tilbakemeldingane var så gode at me etter kvart bestemte oss for å satsa på produksjon for salg.

Det heile starta på låven i den gamle driftsbygningen på garden. Med enkelt produksjonsutstyr og stor entusiasme starta me opp.

Det har vore mange lange dagar, seine kveldar og netter i produksjonssesongen. Familie med foreldre og sysken i spissen har gitt oss uvurderleg hjelp. Både i produksjonen og til frakt av varer. Før vår andre sesong starta, pussa me opp eit nytt lokale i driftsbygningen som var betre eigna for produksjon. Her heldt me til i to år. Då vaks me ut av dette og har no etablert oss i større og meir tidsriktige lokaler, som er tilpassa vår produksjon.

Me er stolte av å koma frå Hardanger. Dei verdiane som ligg i historia til Hardanger og dei som bur der, det er noko me verdsett og som me ynskjer å marknadsføre. Me er ekte og ærlige menneske som jobber hardt for å produsere den beste eplemosten og sideren frå Hardanger, og med vårt nære forhold til kundar og samarbeidpartnere har me saman med dei utvikla produkter. Me er flinke til å verdsetje våre ansatte, samarbeidspartnere, leverandører og kundar.

Hardangergutane har ein visjon om å laga Noregs nasjonaldrikk og for å oppnå dette må me ha veldig gode og ekte produkt som skal vera både smakfulle og innbydande. Det vil krevja modige valg og eit ynskje om stadig utvikling forbetring. I sterk konkurranse med andre tilbydere av eplemost og andre frukt drikkar må me vere nytenkjande for å nå visjonen vår. Nye vegar og tankar må utforskast. Me er små og vegen til endring og forbetringar er kort.

Hardangergutane sine produkt er ekte og heilt utan tilsetjingar. Me legg vekt på at både smak og det visuelle er ivareteke, og utvidar no sortiment med fleire sorter frukt og bær.

Vel unnt og nyt!

Ekta eplemost og sider frå Hardanger

Kontakt oss